Før jeg kom dit ned, hadde jeg syklet til Lerbrekk skule for å kikke på en kunstutstilling, og på utsikten (beliggenhet like ved rv 44 med åpent utsyn til havet), pluss ta en kopp kaffe med vaffel og sjokoladekake til. Jeg kom i snakk med noen av ildsjelene som holder denne kulturskatten ved like, og en av damene fortalte at det fantes en stein i havkanten hvor noen hadde meislet inn årstallet 1941 pluss et håndavtrykk. På grunn av denne informasjonen forlenget jeg turen min og trillet ned til Kongeveien. Der er det mye stein.
(Republisering fra mars 2008)
"Blant andre tok tidlegare direktør ved Åna fengsel, Ståle Olsen, kontakt. Han interesserar seg sterkt for historien rundt fengselet. Han drog til Statsarkivet i Stavanger for å sjå gjennom fangejournalen for Opstad tvangsarbeidshus, som det heitte under krigen. Her fann han opplysningar som gjer at han kjenner seg rimeleg trygg på at det som er synleg på steinane i Varhaugstranda, er hogd inn av Opstad-fangar. Av hensyn til personvern (etterkomarar) bør ein vera forsiktig. Initialer og tidspunkt stemmer godt overeins med
det me elles veit om tvangsutskriving av fangar frå Opstad under krigen, seier Ståle Olsen."
¤¤¤
"På mest kvart einaste av dei tyske festningsanlegga på Sør-Jæren deltok det tvangsutskrivne fangar frå Opstad, til dømes Kviamarka, Nærland og Ualand. Anstalten hadde ingen kontroll med kvar tyskarane hadde fangar i arbeid. Det passar difor godt med dette at dei og vart nytta til å rasera båtstøar som kunne nyttast i samband med ein alliert invasjon."
"Det er eit interessant funn at det også er meisla inn ein steinbukk på ein av steinane. Steinbukken var ein reiskap både jærbuar og Opstadfangar hadde god kjennskap til. Med hakke og spade dyrka dei opp over 1200 mål av utmarka på Opstad før krigen."
¤¤¤
Artikkelen i 'Varhaugsbuen' er av Sigbjørn Varhaug. Jeg har skrevet av og scannet bilde.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar